jump to navigation

Undring på onsdag #1 10. mai 2006

Posted by limedrops in meme.
4 comments

Etter inspirasjon frå amerikanske Wednesday Wonders startar eg min eigen undrings meme på onsdag. Morro om andre har lyst til å blogge om dette også :D Hugs da å gje med ein kommentar så kjem eg gjerne og ser!

Undring på onsdag 10. mai:

Tekst, inspirert av godveret og Bibelleseplan frå Verbum, er Jes 43.16-20

  1. Skaperverk, kva betyr ordet for deg?
  2. Har du ein framtidsdraum?
  3. Kan Gud skape noko nytt i 2006? Kva/Kvifor?

Mine tankar kring dette vert lagt ut i kveld etter at MT er lagt. Litt enklare å tenke da…. ;) Håper du kan nyte godveret. Om ikkje kan du jo skrive lange, filosofiske svar :o

*Oppdatering:

plum flower

 

  1. Skaperverket betyr mykje. Når eg ser på alt det vakre som nå dukkar opp blir eg slått av kor vakkert og intrikat alt er. Eg treng ikkje meir enn våren for å vere sikker på at Gud har skapt med hensikt og vilje. Ikkje bare nyttige og gode saker, men også vakre blomar og landskap for å glede oss menneske. I mi tru er Gud som skapar og nyskapar viktig og meiningsfull. Når eg tenker på skaparverket blir eg også minna på kor mykje ansvar me har for å halde jorda ved like. Gje naturen ein sjanse.
  2. Min framtidsdraum er å overleve som bonde heime i Telemark. Der garden kan vere møteplass (og kanskje også arbeidsplass for fleir enn meg) for menneske. Enten gjennom gardsturisme eller gardsbutikk eller liknande. Da kan eg få leve tett innpå skaperverket i bokstavleg betydning. Samstundes håper eg å kunne ta med meg presteyrket inn i garden, gje tru og Gud plass ved bordet så og seie.
  3. Sjølvsagt kan han det, han gjer det stadig. For kvar dag er ny, kvar blomst er ny, kvart lite barn som blir fødd er eit nytt lite under!

Framleis god onsdag; ein god dag for undring…..

Sol og brød… 10. mai 2006

Posted by limedrops in dag til dag.
2 comments

Sitter her og kikker ut på finveret. Nå har me hatt sol i nesten ei veke. Og det er så deilig!! :D I dag ser det ut til å vere roleg også, så kanskje blir det den varmaste dagen til nå?!

På grunn av det varme veret kjem våren knallfort det spretter både her og der. Prøver å ta litt bilder kvar dag, så etter kvart kjem dei på Flickr (sjå link på sida). Nå får me endeleg litt privatliv her også, lauvet dekker for innsikta og gjør våren/sommaren enda betre ;) I går kløpte eg plenen for første gangen også. Jammen meg godt å vere ferdig for denne gang (må kløppe igjen lørdag i eit forsøk på å halde graset nede)!!

Forresten, har ikkje gjeve meg i jakta på det perfekte brødet. Det eg laga føre helga er ete opp og det eg lagde i går vart så fuktig at det eigentleg ikkje er etande… Hm.. skal prøve igjen nå. Ønsk meg lykke til!! :o

Men først trur eg jammen meg at eg skal lage meg ein kaffikopp og ta med ut. Kan jo ikkje bare vere inne når sola skin!! Tipper på at MT har lyst til å vere med også.

Ha ein velsigna dag!

* Oppdatering:

bread

Endeleg fekk eg til brødet. Denne gangen ganske lyst og med mest kveitemjøl. Seinare har eg lyst til å prøve med meir rugmjøl og andre grove sorter. MT er veldig glad i brød, og likte godt dette brødet. Alt vart gjort med hurtigmikser, så lett arbeid for meg :D Ser du godt etter kan du sjå oransje prikkar i alt det kvite etter gulrøtane som eg blada i. Deilig!

For ein nydeleg dag! 5. mai 2006

Posted by limedrops in bedårande son, dag til dag, venner og familie.
4 comments

I dag har sola stråla over oss frå morgon og til kveld. Deilig og varmt. Det har blåst ein del, men det har nesten vore godt – så vart det ikkje så fristande å ta av seg for mykje (det er jo ikkje heilt sommaren ennå – eg har ikkje hørt gauken heller ;) ).

MT er skrekkeleg glad i å vere ute, så han har i alle fall kosa seg. Og etter mykje mas fekk han endeleg mor si med på biltur også!! Økonomien er ganske anstrengt nett no (lønning om ei veke – så det er ikkje farleg…) så det har vorte litt mindre bilkjøring og besøk enn han er vant til. Han vil helst kjøre litt bil kvar dag og er kjempegrei å reise på langtur med! :D

Me tok ein tur opp på dalen til Beate og fekk vere med på utslipp av lam og sauer på bøen. Jammen meg måtte lamma skrike høgt for å få mødrene til å løfte hue opp frå det grøne freske graset ;) MT kosa seg mest i sandkassa og saman med dottera i huset, så det vart ei lita fristund for meg også!

in the sand box look at me!
(bilda er ikkje frå i dag, men vart teke 9. april i år)

Nå sitter han og nyter barne-TV, snart er det legge tid og etter det vaksen tid for mamma.
Godt at det tek litt tid før han blir tenåring og vil vere oppe like lenge som meg, hehe. Du kan tru han er skjønn der han ligg sovande på puta, ikkje det at han ikkje er skjønn til vanleg – men det er noko heilt spesielt med eit sovande barn!!

Kalender, Mai 2006 5. mai 2006

Posted by limedrops in flickr, generelt.
add a comment

Calendar, May 2006
Eg har mykje moro på Flickr. Her har eg endeleg fått laga kalenderen for mai. Håper at du likar han :D

Søndagstankar…. 4. mai 2006

Posted by limedrops in søndag.
3 comments

Fire eller fem gangar i året skriv eg om søndagen som kjem for lokalavisa vår Firda. Denne veka var det min tur og eg gløymte meg reint bort i all brødbakinga i går, så eg måtte skrive i full fres i dag. Ikkje den beste måten å jobbe på – men merkeleg kjent…. ;)

Sidan den kjem på trykk tenkte eg at eg også kunne legge han ut her. Her kan du finne Bibelteksten (Johannes 14.1-12).
God helg!!

Gud sitt hus og vegen dit

Bur du i stort eller lite hus? Mange av oss bur i ganske store hus, i alle fall om me samanliknar oss med resta av verda. Men har du tenkt på kor stort Gud sitt hus er??!!

For eit halvt år sidan reiste eg til Etiopia for å hente heim sonen min. Det var litt av ei reise og eit sterkt møte med eit vakkert land, men også eit veldig annleis land. Der midt i storbyen vandra esler, kuer og geiter. Midt mellom skur og brakker var det flotte hus og høge hotell. Omtrent halve befolkningen er ortodokse kristne og så er det omtrent 50 % muslimer, for å male eit stort og eit ikkje heilt nøyaktig bilde. Dei er eit av dei fattigaste folka i verda, men det er store forskjellar dei imellom. Nett no er det sterkt fokus på Etiopia på grunn av svolten som herjer og avlinga som manglar i store delar av landet.

Det er mange minner eg bærer med meg frå dagane der nede, særleg fint var det å bli invitert heim til drosjesjåføren med familie og få ein ekte injera-middag med påfølgande kaffi seremoni. I nabolaget hans var det ikkje mange store og flotte hus. Dei fleste var små og vegane var dårlege.

Sonen min kom til meg med røtter og historie samt eit namn, Tinsai, som for alltid vil halde fokus på påska for den vesle familien vår. Namnet tyder Oppstode, og eg kan ikkje tenke meg eit betre namn å gå ut i verda med!

Jesus er saman med venene sine, han talar om det som skal skje. Det er før påskedag. Før alt vart endra for læresveinane, før dei heilt skjønte kven Jesus var og kva han ville gjere for dei. Før Tomas har fått lagt henda sine i såra Jesus fekk på hender, føter og i sida, da han døydde på krossen. Før Tomas hadde bøgd seg ned i undring og glede og sagt: ”Min Herre og min Gud!”, til Jesus da han skjønte kva påskedag eigentleg bar med seg. Ein levande Jesus, ein heilt ekte Jesus som sto midt imellom dei. Ein dei kunne ta på, ete med og snakke med. For meg er Tomas den som best syner meg kva påske er. Med han får eg føle i henda til Jesus, med han før eg sjå og skjønne at det verkeleg er Jesus, han som døde men som nå lever. Oppstått!

I kyrkjeåret er me i påsketida nå, den som har kvit farge og bær med seg glede og jubel over oppstoda i mange veker, før me går over i Pinsetid – kyrkja si bursdag. Eigentleg slepp gleda frå påskedag aldri heilt taket, og skin inn over sjølv den mørkaste dag.

Teksten på søndag er den kjente teksten om Guds hus med mange rom. Jesus seier at han skal gå og at dei skal følge han. Tomas spør full av undring og uro: Men kvar skal du gå?? Og korleis kan me vete vegen dit?? Eg er vegen, seier Jesus. Så godt og fargerikt illustrert av Marita Villung. Gjennom meg finn de Gud, held Jesus fram. Vegen gjennom Jesus går til Guds hus. Huset med mange rom og plass til alle. La oss sørge for at Gud må byggje kjempestort.

Velkommen til kyrkje som medvandrar på Jesusvegen og god søndag!!

brødbaking 3. mai 2006

Posted by limedrops in dag til dag.
7 comments

I dag bakar eg brød :D
Normalt gjer eg ikkje det.
Men da eg var student gjorde eg det ofte. I grunnen er det kjekt å sulle litt rundt på kjøkkenet og lukta er fantastisk. Kanskje eg skal gjere det igjen??! Hm…. får sjå om poden likar det. Det er i grunnen han som et mest av det slaget! Før han kom inn i livet mitt, bruka eg å fryse ned minst halve brødet (gjerne to tredelar(!)) Nå er eit brød borte før eg får sukk for meg. Ja, ja, godt at han er glad i mat og ikkje bare snop og gotteri ;)

Eg bruker havregryn i brøda mine. Eller, rettare sagt, havregraut ;) Etter å ha koka dei held dei enda betre på fukta; tørt brød er det verste eg veit!!!!! Vel, nå får eg komme meg inn på kjøkkenet og sjekke korleis ståa er. Håper at dei er like gode som det luktar :D

Og du, send meg gjerne di beste brødoppskrift!! ;)

Heisann, nå bloggar eg på norsk… 1. mai 2006

Posted by limedrops in blogging, generelt.
2 comments

Så… tenkte at det kanskje ikkje var så dumt med ei eiga blog der eg kan skrive norsk og nynorsk.
Har vore bloggar i snart 2 år, og likar det godt. Fram til nå har hovuddelen av det eg har skrive vore på engelsk (eller i alle fall eit forsøk på engelsk hehe ;) ). Nå får eg sjekke ut korleis dette fungerar. Kanskje eg kan få meg fleire norske blogge-vener også???!!

Nå får eg jobbe bitte litt med utsjånad på detta vidunderet (bruker wordpress på eige domene normal, så eg får sjå om wordpress.com gjev med same gode wordpress-kjensla…). Ta gjerne turen over til LIME, der eg normalt er å finne!

Me sjåast! :D