Søndag 28. mai 2006
Posted by limedrops in søndag.add a comment
Søndagstankar….
Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.
Jesus ber for sine, for læresveinane han har rundt seg. For dei som hadde fulgt han ei lita stund og fått oppleve livsendrande hendingar. Nå skulle han reise. Skulle ikkje vere der saman med dei slik han til no hadde vore. I kjøt og flesk. Han vart ikkje borte, men usynleg.
Det veit me som er midt mellom Kristi Himmelfartsdag og Pinse. Da var dei midt i den usikre ventetida, kva skulle dei no gjere når Jesus var skjult for dei? Sjølv om dei hadde opplevd så mykje, til og med underet at Jesus sto opp frå rava, var dei usikre på kva som nå ville skje. Kunne dei klare seg aleine. Dei som ikkje var av denne verda. Dei som verda ikkje skjønte.
Skal lure på om dei klara å varme seg ved Jesu omsorg. Den omsorg som han mellom anna syner i denne bøna som er teksten vår i dag. Han ber for dei, ber Gud om å ta vare på og å vare frå det vonde. Om å helga dei, helga dei i sanninga, slik ordet om Gud er sant!!
At noko er heilagt tyder at noko er annleis, teke ut av denne verda, ulikt alt anna. Slik skulle det vere med dei og alle andre som har fulgt etter som fotfølgere og venner av Jesus. Dei som trur på Jesus (ofte kalla kristne) er annleis. Ikkje i seg sjølve, men i korleis Gud ser dei; han ser dei gjennom Jesus. Han ser med den same kjærleik som Jesus syner i bøna si. Vara dei frå det vonde.
— — —
Mine, litt usamanhengande tankar – kva tenker du?!
Teksten kan du finne i Joh 17:9-17 (Dessverre har bibelen.no ein eller annan krøll, så link dit får eg sette seinare….)
Søndag 21. mai 2006
Posted by limedrops in søndag.4 comments
Da Fadervår vart Vår Far var det mange som reagerte. Dette ville ikkje folk seie. Det høyrtes så kvardagsleg og lettvint ut…. Så lite høgtideleg og heilagt på eit vis.
Skal lure på om ikkje nett det var tanken bak bibellselskapet si nyomsetjing. Komme seg tilbake til dette kvardagslege og nære. Det ordet Jesus brukte kan ein like godt omsetje med pappa. Det skulle vere nært. Jesus ville nok minne oss om, og lære bort, at Gud er ikkje nokon fjernt og langt ifrå. Han er nær oss og bryr seg om oss, nett slik ein god pappa gjer det også (eller god mamma for den saks skuld).
Denne søndagen handlar det om bøn og om korleis me skal be. Presten i kyrkja spurte kor mange som ba sitt Fadervår dagleg. Det var mange i kyrkja som nikka med seg sjølv og sa at jo, dei gjorde da stort sett det. Så sa ho at da er det mange som har bedt den bøna over 1000 gongar i livet sitt, og mange langt meir enn det. Mange har nemleg eit nært forhald til denne bøna, så kvifor ikkje la språket seie litt om det nære forhaldet. Det er nemleg Vår Far i himmelen me ber til, og sjølv om det høyrast som ein som er langt unna er det ikkje tilfelle. Gud er like nær som pusten vår, han veit meir om oss enn nokon og elskar oss høgare enn himmelen…..
— — —
Les teksten for dagen her.
Søndag 14. mai 2006
Posted by limedrops in kyrkjeliv, søndag.2 comments

I dag er det konfirmasjon i ei av kyrkjene eg er prest i (når eg ikkje er i morspermisjon som nå). Dessverre så er eg ikkje der og kan dele opplevinga med dei. Rekna med at det rett og slett vart alt for fullt, så MT og eg er heime. Bilde over er frå konfirmasjon i kyrkja rett ved heimen vår.
Det er utruleg masse som me vil at ungdomane våre skal få med seg. Ikkje berre trua på Gud, men også ei sterk kjensle av eigenverd. I grunn heng dei to nært samam.
For meg er det kjempeviktig å signalisere at kvar einaste ein av konfirmantane (sjølv dei som bråkar og som får kjeft..) er uendeleg mykje verdt. Meir enn dei kan fatte.
Difor jobber me også med korleis samspelet skal vere oss i mellom. Det er slett ikkje alltid at me får det til. Nokre gongar kjem konfirmantar gråtande. Men målet er at det skal vere godt å ver e konfirmant. Det skal gje minner for livet og også vere med og prege livet. Håpet er at det også skal gje styrke og kraft og ikkje minst ei slitesterk tru.
Ingenting av dette er mogleg dersom me overser orda frå Jesus i dag:
Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
Det er ei livsoppgåve det!!
Les heile teksten her.
Søndagstankar…. 4. mai 2006
Posted by limedrops in søndag.3 comments
Fire eller fem gangar i året skriv eg om søndagen som kjem for lokalavisa vår Firda. Denne veka var det min tur og eg gløymte meg reint bort i all brødbakinga i går, så eg måtte skrive i full fres i dag. Ikkje den beste måten å jobbe på – men merkeleg kjent….
Sidan den kjem på trykk tenkte eg at eg også kunne legge han ut her. Her kan du finne Bibelteksten (Johannes 14.1-12).
God helg!!
Gud sitt hus og vegen dit
Bur du i stort eller lite hus? Mange av oss bur i ganske store hus, i alle fall om me samanliknar oss med resta av verda. Men har du tenkt på kor stort Gud sitt hus er??!!
For eit halvt år sidan reiste eg til Etiopia for å hente heim sonen min. Det var litt av ei reise og eit sterkt møte med eit vakkert land, men også eit veldig annleis land. Der midt i storbyen vandra esler, kuer og geiter. Midt mellom skur og brakker var det flotte hus og høge hotell. Omtrent halve befolkningen er ortodokse kristne og så er det omtrent 50 % muslimer, for å male eit stort og eit ikkje heilt nøyaktig bilde. Dei er eit av dei fattigaste folka i verda, men det er store forskjellar dei imellom. Nett no er det sterkt fokus på Etiopia på grunn av svolten som herjer og avlinga som manglar i store delar av landet.
Det er mange minner eg bærer med meg frå dagane der nede, særleg fint var det å bli invitert heim til drosjesjåføren med familie og få ein ekte injera-middag med påfølgande kaffi seremoni. I nabolaget hans var det ikkje mange store og flotte hus. Dei fleste var små og vegane var dårlege.
Sonen min kom til meg med røtter og historie samt eit namn, Tinsai, som for alltid vil halde fokus på påska for den vesle familien vår. Namnet tyder Oppstode, og eg kan ikkje tenke meg eit betre namn å gå ut i verda med!
Jesus er saman med venene sine, han talar om det som skal skje. Det er før påskedag. Før alt vart endra for læresveinane, før dei heilt skjønte kven Jesus var og kva han ville gjere for dei. Før Tomas har fått lagt henda sine i såra Jesus fekk på hender, føter og i sida, da han døydde på krossen. Før Tomas hadde bøgd seg ned i undring og glede og sagt: ”Min Herre og min Gud!”, til Jesus da han skjønte kva påskedag eigentleg bar med seg. Ein levande Jesus, ein heilt ekte Jesus som sto midt imellom dei. Ein dei kunne ta på, ete med og snakke med. For meg er Tomas den som best syner meg kva påske er. Med han får eg føle i henda til Jesus, med han før eg sjå og skjønne at det verkeleg er Jesus, han som døde men som nå lever. Oppstått!
I kyrkjeåret er me i påsketida nå, den som har kvit farge og bær med seg glede og jubel over oppstoda i mange veker, før me går over i Pinsetid – kyrkja si bursdag. Eigentleg slepp gleda frå påskedag aldri heilt taket, og skin inn over sjølv den mørkaste dag.
Teksten på søndag er den kjente teksten om Guds hus med mange rom. Jesus seier at han skal gå og at dei skal følge han. Tomas spør full av undring og uro: Men kvar skal du gå?? Og korleis kan me vete vegen dit?? Eg er vegen, seier Jesus. Så godt og fargerikt illustrert av Marita Villung. Gjennom meg finn de Gud, held Jesus fram. Vegen gjennom Jesus går til Guds hus. Huset med mange rom og plass til alle. La oss sørge for at Gud må byggje kjempestort.
Velkommen til kyrkje som medvandrar på Jesusvegen og god søndag!!




