Sjømannskyrkjetankar…. 20. mai 2006
Posted by limedrops in kyrkjeliv.3 comments
Eg sit i det lokale styre (Sogn og Fjordane) for Den Norske Sjømannskyrkje. Det er ikkje eit slitsomt verv, men snarare eit morosamt eit. Den siste tida har eg vore litt ute av det, sidan eg er i mammapermisjon, men i dag hopper eg inn at på og blir med på årsmøte i krinsen. Da eg studerte hadde eg den første prestetenesta i sjømannskyrkja i Hamburg, sidan har eg hatt sansen for dei. Da eg var i New York for nokre år sidan på ferie var det så godt å komme på kjerka og få litt informasjon og kontakt. Eg var der bare ei veke, men reiste aleine, så praten på kjerka var så og si den einaste praten eg hadde forutan hyggelege og service minded menneske bak ulike skranker…. Difor var det så koseleg å bli invitert ende inn til husmora og få snakke litt med henne om livet i the big apple. Ein dag skal eg reise tilbake, og da håper eg på å besøke kjerka der igjen (sjølv om det sjølvsagt er andre follk der nå).
Og tanken har slått meg, kanskje det å sitte i styret her i krinsen kan vere ei god plattform for å få jobb i kjerka der ute. Eg trur ikkje at eg kjem til å søke på nokre stillingar nå, men eit vikariat kunne vore fristande for nokre veker eller månader. Eller kanskje for ein sommar. Men eg veit at det er mange som tenker som meg…., så eg får kanskje halde meg til å besøke dei?!
Nå når foreningslivet har dabba av på dei fleste områder, også sjømannskyrkja sine, så vert det satsa meir inn mot kyrkjelydane. Noko eg ser på som svært positivt. Eg går med ein draum om å vere med og arrangere ein tur for dei unge i kyrkjene rundt om i fylket. Kva med ein tur til Sør-Amerika eller Asia og Australia. Det er kyrkjer både her og der…. Kluet er å få ein slik tur billig nok til at ungdom har mulighet til å vere med. Eg trur at det er mogleg, men det kan sjølvsagt ikkje vere same standar som det er på turane som vert arrangert for dei vaksne, det er det neppe behov for heller…
Så kva seier du? Høres det ut som ein god ide eller skal eg la den bli verande i draumeland??!
Mens du tenker, ta ein tur til Sjømannskyrkja sine heimesider – der er det mykje å hente. Kanskje vil du ta turen inn i nettkyrkja også?!
Ha ei velsigna helg!!
Søndag 14. mai 2006
Posted by limedrops in kyrkjeliv, søndag.2 comments

I dag er det konfirmasjon i ei av kyrkjene eg er prest i (når eg ikkje er i morspermisjon som nå). Dessverre så er eg ikkje der og kan dele opplevinga med dei. Rekna med at det rett og slett vart alt for fullt, så MT og eg er heime. Bilde over er frå konfirmasjon i kyrkja rett ved heimen vår.
Det er utruleg masse som me vil at ungdomane våre skal få med seg. Ikkje berre trua på Gud, men også ei sterk kjensle av eigenverd. I grunn heng dei to nært samam.
For meg er det kjempeviktig å signalisere at kvar einaste ein av konfirmantane (sjølv dei som bråkar og som får kjeft..) er uendeleg mykje verdt. Meir enn dei kan fatte.
Difor jobber me også med korleis samspelet skal vere oss i mellom. Det er slett ikkje alltid at me får det til. Nokre gongar kjem konfirmantar gråtande. Men målet er at det skal vere godt å ver e konfirmant. Det skal gje minner for livet og også vere med og prege livet. Håpet er at det også skal gje styrke og kraft og ikkje minst ei slitesterk tru.
Ingenting av dette er mogleg dersom me overser orda frå Jesus i dag:
Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
Det er ei livsoppgåve det!!
Les heile teksten her.




