Undring på onsdag… 31. mai 2006
Posted by limedrops in generelt, meme, undring.1 comment so far
Undring på onsdag har fått si eiga heimeside: Undring på onsdag
Målet er å legge ut undring for komande veke rett føre helga (altså torsdag eller fredag), slik at alle kan få sjansen til å tenke seg litt om… Kanskje har du lyst til å komme med idear til spørsmål og til tekstval, ta kontakt med meg eller legg igjen ein kommentar
Håper at andre har lyst til å vere med. Vil gjerne lage ein blogroll for denne meme'en, så legg igjen link….
Også vil eg gjerne seie at dine tankar treng verken vere lange eller nye, kanskje har du også ei god historie som vil få oss til å le?!
Mine undringar kjem i kveld, etter at MT har lagt seg. Vanskeleg nok å lage spørsmåla med han sullande rundt meg……
Lykke til og Guds signing!!
17. mai 17. mai 2006
Posted by limedrops in bedårande son, generelt.3 comments
Gratulerer med dagen Norge!!!
Vi har storkosa oss. Håper at mange fleire har gjort det også
P.S: Undring på onsdag er tilbake neste veke
Heisann, nå bloggar eg på norsk… 1. mai 2006
Posted by limedrops in blogging, generelt.2 comments
Så… tenkte at det kanskje ikkje var så dumt med ei eiga blog der eg kan skrive norsk og nynorsk.
Har vore bloggar i snart 2 år, og likar det godt. Fram til nå har hovuddelen av det eg har skrive vore på engelsk (eller i alle fall eit forsøk på engelsk hehe
). Nå får eg sjekke ut korleis dette fungerar. Kanskje eg kan få meg fleire norske blogge-vener også???!!
Nå får eg jobbe bitte litt med utsjånad på detta vidunderet (bruker wordpress på eige domene normal, så eg får sjå om wordpress.com gjev med same gode wordpress-kjensla…). Ta gjerne turen over til LIME, der eg normalt er å finne!
Me sjåast!


















