Sol og brød… 10. mai 2006
Posted by limedrops in dag til dag.2 comments
Sitter her og kikker ut på finveret. Nå har me hatt sol i nesten ei veke. Og det er så deilig!!
I dag ser det ut til å vere roleg også, så kanskje blir det den varmaste dagen til nå?!
På grunn av det varme veret kjem våren knallfort det spretter både her og der. Prøver å ta litt bilder kvar dag, så etter kvart kjem dei på Flickr (sjå link på sida). Nå får me endeleg litt privatliv her også, lauvet dekker for innsikta og gjør våren/sommaren enda betre
I går kløpte eg plenen for første gangen også. Jammen meg godt å vere ferdig for denne gang (må kløppe igjen lørdag i eit forsøk på å halde graset nede)!!
Forresten, har ikkje gjeve meg i jakta på det perfekte brødet. Det eg laga føre helga er ete opp og det eg lagde i går vart så fuktig at det eigentleg ikkje er etande… Hm.. skal prøve igjen nå. Ønsk meg lykke til!!
Men først trur eg jammen meg at eg skal lage meg ein kaffikopp og ta med ut. Kan jo ikkje bare vere inne når sola skin!! Tipper på at MT har lyst til å vere med også.
Ha ein velsigna dag!
* Oppdatering:
Endeleg fekk eg til brødet. Denne gangen ganske lyst og med mest kveitemjøl. Seinare har eg lyst til å prøve med meir rugmjøl og andre grove sorter. MT er veldig glad i brød, og likte godt dette brødet. Alt vart gjort med hurtigmikser, så lett arbeid for meg
Ser du godt etter kan du sjå oransje prikkar i alt det kvite etter gulrøtane som eg blada i. Deilig!
For ein nydeleg dag! 5. mai 2006
Posted by limedrops in bedårande son, dag til dag, venner og familie.4 comments
I dag har sola stråla over oss frå morgon og til kveld. Deilig og varmt. Det har blåst ein del, men det har nesten vore godt – så vart det ikkje så fristande å ta av seg for mykje (det er jo ikkje heilt sommaren ennå – eg har ikkje hørt gauken heller
).
MT er skrekkeleg glad i å vere ute, så han har i alle fall kosa seg. Og etter mykje mas fekk han endeleg mor si med på biltur også!! Økonomien er ganske anstrengt nett no (lønning om ei veke – så det er ikkje farleg…) så det har vorte litt mindre bilkjøring og besøk enn han er vant til. Han vil helst kjøre litt bil kvar dag og er kjempegrei å reise på langtur med!
Me tok ein tur opp på dalen til Beate og fekk vere med på utslipp av lam og sauer på bøen. Jammen meg måtte lamma skrike høgt for å få mødrene til å løfte hue opp frå det grøne freske graset
MT kosa seg mest i sandkassa og saman med dottera i huset, så det vart ei lita fristund for meg også!

(bilda er ikkje frå i dag, men vart teke 9. april i år)
Nå sitter han og nyter barne-TV, snart er det legge tid og etter det vaksen tid for mamma.
Godt at det tek litt tid før han blir tenåring og vil vere oppe like lenge som meg, hehe. Du kan tru han er skjønn der han ligg sovande på puta, ikkje det at han ikkje er skjønn til vanleg – men det er noko heilt spesielt med eit sovande barn!!
brødbaking 3. mai 2006
Posted by limedrops in dag til dag.7 comments
I dag bakar eg brød ![]()
Normalt gjer eg ikkje det.
Men da eg var student gjorde eg det ofte. I grunnen er det kjekt å sulle litt rundt på kjøkkenet og lukta er fantastisk. Kanskje eg skal gjere det igjen??! Hm…. får sjå om poden likar det. Det er i grunnen han som et mest av det slaget! Før han kom inn i livet mitt, bruka eg å fryse ned minst halve brødet (gjerne to tredelar(!)) Nå er eit brød borte før eg får sukk for meg. Ja, ja, godt at han er glad i mat og ikkje bare snop og gotteri
Eg bruker havregryn i brøda mine. Eller, rettare sagt, havregraut
Etter å ha koka dei held dei enda betre på fukta; tørt brød er det verste eg veit!!!!! Vel, nå får eg komme meg inn på kjøkkenet og sjekke korleis ståa er. Håper at dei er like gode som det luktar
Og du, send meg gjerne di beste brødoppskrift!!





