17. mai 17. mai 2006
Posted by limedrops in bedårande son, generelt.3 comments
Gratulerer med dagen Norge!!!
Vi har storkosa oss. Håper at mange fleire har gjort det også
P.S: Undring på onsdag er tilbake neste veke
For ein nydeleg dag! 5. mai 2006
Posted by limedrops in bedårande son, dag til dag, venner og familie.4 comments
I dag har sola stråla over oss frå morgon og til kveld. Deilig og varmt. Det har blåst ein del, men det har nesten vore godt – så vart det ikkje så fristande å ta av seg for mykje (det er jo ikkje heilt sommaren ennå – eg har ikkje hørt gauken heller
).
MT er skrekkeleg glad i å vere ute, så han har i alle fall kosa seg. Og etter mykje mas fekk han endeleg mor si med på biltur også!! Økonomien er ganske anstrengt nett no (lønning om ei veke – så det er ikkje farleg…) så det har vorte litt mindre bilkjøring og besøk enn han er vant til. Han vil helst kjøre litt bil kvar dag og er kjempegrei å reise på langtur med!
Me tok ein tur opp på dalen til Beate og fekk vere med på utslipp av lam og sauer på bøen. Jammen meg måtte lamma skrike høgt for å få mødrene til å løfte hue opp frå det grøne freske graset
MT kosa seg mest i sandkassa og saman med dottera i huset, så det vart ei lita fristund for meg også!

(bilda er ikkje frå i dag, men vart teke 9. april i år)
Nå sitter han og nyter barne-TV, snart er det legge tid og etter det vaksen tid for mamma.
Godt at det tek litt tid før han blir tenåring og vil vere oppe like lenge som meg, hehe. Du kan tru han er skjønn der han ligg sovande på puta, ikkje det at han ikkje er skjønn til vanleg – men det er noko heilt spesielt med eit sovande barn!!

















