Søndag 28. mai 2006
Posted by limedrops in søndag.trackback
Søndagstankar….
Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.
Jesus ber for sine, for læresveinane han har rundt seg. For dei som hadde fulgt han ei lita stund og fått oppleve livsendrande hendingar. Nå skulle han reise. Skulle ikkje vere der saman med dei slik han til no hadde vore. I kjøt og flesk. Han vart ikkje borte, men usynleg.
Det veit me som er midt mellom Kristi Himmelfartsdag og Pinse. Da var dei midt i den usikre ventetida, kva skulle dei no gjere når Jesus var skjult for dei? Sjølv om dei hadde opplevd så mykje, til og med underet at Jesus sto opp frå rava, var dei usikre på kva som nå ville skje. Kunne dei klare seg aleine. Dei som ikkje var av denne verda. Dei som verda ikkje skjønte.
Skal lure på om dei klara å varme seg ved Jesu omsorg. Den omsorg som han mellom anna syner i denne bøna som er teksten vår i dag. Han ber for dei, ber Gud om å ta vare på og å vare frå det vonde. Om å helga dei, helga dei i sanninga, slik ordet om Gud er sant!!
At noko er heilagt tyder at noko er annleis, teke ut av denne verda, ulikt alt anna. Slik skulle det vere med dei og alle andre som har fulgt etter som fotfølgere og venner av Jesus. Dei som trur på Jesus (ofte kalla kristne) er annleis. Ikkje i seg sjølve, men i korleis Gud ser dei; han ser dei gjennom Jesus. Han ser med den same kjærleik som Jesus syner i bøna si. Vara dei frå det vonde.
— — —
Mine, litt usamanhengande tankar – kva tenker du?!
Teksten kan du finne i Joh 17:9-17 (Dessverre har bibelen.no ein eller annan krøll, så link dit får eg sette seinare….)





kommentarar»
No comments yet — be the first.