Søndag 21. mai 2006
Posted by limedrops in søndag.trackback
Da Fadervår vart Vår Far var det mange som reagerte. Dette ville ikkje folk seie. Det høyrtes så kvardagsleg og lettvint ut…. Så lite høgtideleg og heilagt på eit vis.
Skal lure på om ikkje nett det var tanken bak bibellselskapet si nyomsetjing. Komme seg tilbake til dette kvardagslege og nære. Det ordet Jesus brukte kan ein like godt omsetje med pappa. Det skulle vere nært. Jesus ville nok minne oss om, og lære bort, at Gud er ikkje nokon fjernt og langt ifrå. Han er nær oss og bryr seg om oss, nett slik ein god pappa gjer det også (eller god mamma for den saks skuld).
Denne søndagen handlar det om bøn og om korleis me skal be. Presten i kyrkja spurte kor mange som ba sitt Fadervår dagleg. Det var mange i kyrkja som nikka med seg sjølv og sa at jo, dei gjorde da stort sett det. Så sa ho at da er det mange som har bedt den bøna over 1000 gongar i livet sitt, og mange langt meir enn det. Mange har nemleg eit nært forhald til denne bøna, så kvifor ikkje la språket seie litt om det nære forhaldet. Det er nemleg Vår Far i himmelen me ber til, og sjølv om det høyrast som ein som er langt unna er det ikkje tilfelle. Gud er like nær som pusten vår, han veit meir om oss enn nokon og elskar oss høgare enn himmelen…..
— — —
Les teksten for dagen her.





Nydelege desse små bilda m bibelord på sida av bloggen din.
Ja, sant
Bare trykk på dei så kjem du til ei side med fleire (samt koder til å putte inn i bloggen din…)
klem
ja, eg såg det. Kommer kanskje til å bruke dei ja
Håper du snart får opp nye bilder av MT på flickr, moro å sjå kva han driv med.
Nett no står han uttafor og sutrer ved døra, du skal få sleppe å sjå det
Men eg har da nokre nye!