…mens me ventar på båten.. 13. mai 2006
Posted by limedrops in på glitrande fjord.trackback
Eg bur rett ved Sognefjorden, og det er ikkje fritt for at eg får med meg det som skjer der ute. Eller ikkje skjer… i dag er det ferjestreik, og roleg. Den siste turen over fjorden gjekk kl. 19, så godt å ikkje skulle over i kveld… Tidlegare i dag for det ein ubåt innover (den gjekk ut ein dag tidlegare i veka), denne gangen var det bare den øverste toppen som stakk over vatnet.
Cruiseskip er sommarens store hending på fjorden. Kan ikkje hjelpe for at eg likar å sjå desse svære skipa gå ut og inn. Dei gjer ferjene til miniputtar. Og nå sitter eg altså her og ventar på at verdas nest største skip skal sigle inn i fjorden. Queen Mary 2. Ho skal til kai i Flåm i morgo tidleg og glir nok forbi her ein eller annan gang rundt midnatt, eventuelt før eller noko seinare.
Hadde vore fint å sjå i grunnen, og gjerne før lyset fer. Da er det lettare å sjå sjølve skipet og ikkje bare alle ljosa……sjølv om det også er fint som bare det! Q Mary er kjempediger og har skikkeleg skipsstil, så vil gjerne få det med meg enten på veg inn eller i morgo kveld/natt når det er på veg ut. Eigentleg begge!
Dessverre er det alt for mørkt til å få eit skikkeleg bilde, men eg skal nok prøve!! Ei ny skikkeleg regnbyge er på veg, så sikta kan bli redusert enda meir.
Men eg ventar, her er nokre facts plukka opp på heimesida til Cunard Line:
Some comparisons:
Queen Mary 2 is…
- five times longer than Cunard's first ship, Britannia (230 ft.)
- 113 feet longer than the original Queen Mary
- more than twice as long as the Washington Monument is tall (550 ft.)
- 147 feet longer than the Eiffel Tower is tall (984 ft.)
- more than 3 ½ times as long as Westminster Tower (Big Ben) is high (310 ft.)
- only 117 feet shorter than the Empire State Building is tall (1248 ft.)
- more than three times as long as St. Paul's Cathedral is tall (366 ft.)
- as long as 41 double-decker London buses (31 ½ ft. each)
- Queen Mary 2's whistle is audible for 10 miles
Blir nok ikkje noko søvn på meg i natt, nei….og eg har ei viss kjensle av at eg ikkje er den einaste her omkring som kikkar ut i fjorden med jevne mellomrom..





kommentarar»
No comments yet — be the first.