jump to navigation

Er her ennå…. 6. juni 2006

Posted by limedrops in bedårande son, blogging, generelt.
2 comments

Såååå, ramla visst litt ut av bloggerytma denne helga, lei for det. Kjem sterkare attende seinare :D MT har vore sjuk og dagane har vore lange og korte på ein gong (!) Hm.. Skal komme meg rundt og lese litt blogger om ikkje lenge. Inntil da, kos dere med nokre bilder:

DSCF1456 DSCF1545

DSCF1592 DSCF1564

Undring på onsdag… 31. mai 2006

Posted by limedrops in generelt, meme, undring.
1 comment so far

Undring på onsdag har fått si eiga heimeside: Undring på onsdag

Målet er å legge ut undring for komande veke rett føre helga (altså torsdag eller fredag), slik at alle kan få sjansen til å tenke seg litt om… Kanskje har du lyst til å komme med idear til spørsmål og til tekstval, ta kontakt med meg eller legg igjen ein kommentar :D

Håper at andre har lyst til å vere med. Vil gjerne lage ein blogroll for denne meme'en, så legg igjen link…. ;) Også vil eg gjerne seie at dine tankar treng verken vere lange eller nye, kanskje har du også ei god historie som vil få oss til å le?!

Mine undringar kjem i kveld, etter at MT har lagt seg. Vanskeleg nok å lage spørsmåla med han sullande rundt meg……

Lykke til og Guds signing!!

Søndag 28. mai 2006

Posted by limedrops in søndag.
add a comment

Søndagstankar….

Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.

Jesus ber for sine, for læresveinane han har rundt seg. For dei som hadde fulgt han ei lita stund og fått oppleve livsendrande hendingar. Nå skulle han reise. Skulle ikkje vere der saman med dei slik han til no hadde vore. I kjøt og flesk. Han vart ikkje borte, men usynleg.

church tower Det veit me som er midt mellom Kristi Himmelfartsdag og Pinse. Da var dei midt i den usikre ventetida, kva skulle dei no gjere når Jesus var skjult for dei? Sjølv om dei hadde opplevd så mykje, til og med underet at Jesus sto opp frå rava, var dei usikre på kva som nå ville skje. Kunne dei klare seg aleine. Dei som ikkje var av denne verda. Dei som verda ikkje skjønte.

Skal lure på om dei klara å varme seg ved Jesu omsorg. Den omsorg som han mellom anna syner i denne bøna som er teksten vår i dag. Han ber for dei, ber Gud om å ta vare på og å vare frå det vonde. Om å helga dei, helga dei i sanninga, slik ordet om Gud er sant!!

At noko er heilagt tyder at noko er annleis, teke ut av denne verda, ulikt alt anna. Slik skulle det vere med dei og alle andre som har fulgt etter som fotfølgere og venner av Jesus. Dei som trur på Jesus (ofte kalla kristne) er annleis. Ikkje i seg sjølve, men i korleis Gud ser dei; han ser dei gjennom Jesus. Han ser med den same kjærleik som Jesus syner i bøna si. Vara dei frå det vonde.

— — —

Mine, litt usamanhengande tankar – kva tenker du?!

Teksten kan du finne i Joh 17:9-17 (Dessverre har bibelen.no ein eller annan krøll, så link dit får eg sette seinare….)

Undring på onsdag #2 24. mai 2006

Posted by limedrops in meme.
3 comments

Etter inspirasjon frå amerikanske Wednesday Wonders startar eg min eigen undrings meme på onsdag. Morro om andre har lyst til å blogge om dette også :D Hugs da å gje med ein kommentar så kjem eg gjerne og ser!

Undring på onsdag 24. mai

Tekst, inspirert av Bibelleseplan frå Verbum: Matt 7:7-12

  1. Har du ei bøn, t.d. kveldsbøn, som betyr mykje for deg? Kvifor?
  2. Lovar Gud for mykje?
  3. Har du vorte bønhørt? Om ja: Kva skjedde? Om nei: Kva gjorde det med trua?

Søndag 21. mai 2006

Posted by limedrops in søndag.
4 comments

Da Fadervår vart Vår Far var det mange som reagerte. Dette ville ikkje folk seie. Det høyrtes så kvardagsleg og lettvint ut…. Så lite høgtideleg og heilagt på eit vis.

Skal lure på om ikkje nett det var tanken bak bibellselskapet si nyomsetjing. Komme seg tilbake til dette kvardagslege og nære. Det ordet Jesus brukte kan ein like godt omsetje med pappa. Det skulle vere nært. Jesus ville nok minne oss om, og lære bort, at Gud er ikkje nokon fjernt og langt ifrå. Han er nær oss og bryr seg om oss, nett slik ein god pappa gjer det også (eller god mamma for den saks skuld).

Denne søndagen handlar det om bøn og om korleis me skal be. Presten i kyrkja spurte kor mange som ba sitt Fadervår dagleg. Det var mange i kyrkja som nikka med seg sjølv og sa at jo, dei gjorde da stort sett det. Så sa ho at da er det mange som har bedt den bøna over 1000 gongar i livet sitt, og mange langt meir enn det. Mange har nemleg eit nært forhald til denne bøna, så kvifor ikkje la språket seie litt om det nære forhaldet. Det er nemleg Vår Far i himmelen me ber til, og sjølv om det høyrast som ein som er langt unna er det ikkje tilfelle. Gud er like nær som pusten vår, han veit meir om oss enn nokon og elskar oss høgare enn himmelen…..

— — —

Les teksten for dagen her.

Sjømannskyrkjetankar…. 20. mai 2006

Posted by limedrops in kyrkjeliv.
3 comments

Eg sit i det lokale styre (Sogn og Fjordane) for Den Norske Sjømannskyrkje. Det er ikkje eit slitsomt verv, men snarare eit morosamt eit. Den siste tida har eg vore litt ute av det, sidan eg er i mammapermisjon, men i dag hopper eg inn at på og blir med på årsmøte i krinsen. Da eg studerte hadde eg den første prestetenesta i sjømannskyrkja i Hamburg, sidan har eg hatt sansen for dei. Da eg var i New York for nokre år sidan på ferie var det så godt å komme på kjerka og få litt informasjon og kontakt. Eg var der bare ei veke, men reiste aleine, så praten på kjerka var så og si den einaste praten eg hadde forutan hyggelege og service minded menneske bak ulike skranker…. Difor var det så koseleg å bli invitert ende inn til husmora og få snakke litt med henne om livet i the big apple. Ein dag skal eg reise tilbake, og da håper eg på å besøke kjerka der igjen (sjølv om det sjølvsagt er andre follk der nå).

Og tanken har slått meg, kanskje det å sitte i styret her i krinsen kan vere ei god plattform for å få jobb i kjerka der ute. Eg trur ikkje at eg kjem til å søke på nokre stillingar nå, men eit vikariat kunne vore fristande for nokre veker eller månader. Eller kanskje for ein sommar. Men eg veit at det er mange som tenker som meg…., så eg får kanskje halde meg til å besøke dei?!

Nå når foreningslivet har dabba av på dei fleste områder, også sjømannskyrkja sine, så vert det satsa meir inn mot kyrkjelydane. Noko eg ser på som svært positivt. Eg går med ein draum om å vere med og arrangere ein tur for dei unge i kyrkjene rundt om i fylket. Kva med ein tur til Sør-Amerika eller Asia og Australia. Det er kyrkjer både her og der…. Kluet er å få ein slik tur billig nok til at ungdom har mulighet til å vere med. Eg trur at det er mogleg, men det kan sjølvsagt ikkje vere same standar som det er på turane som vert arrangert for dei vaksne, det er det neppe behov for heller…

Så kva seier du? Høres det ut som ein god ide eller skal eg la den bli verande i draumeland??! :D

Mens du tenker, ta ein tur til Sjømannskyrkja sine heimesider – der er det mykje å hente. Kanskje vil du ta turen inn i nettkyrkja også?!

Ha ei velsigna helg!!

17. mai 17. mai 2006

Posted by limedrops in bedårande son, generelt.
3 comments

DSCF1135

Gratulerer med dagen Norge!!!

Vi har storkosa oss. Håper at mange fleire har gjort det også :D

DSCF1139 DSCF1144 DSCF1174 DSCF1159

DSCF1163 DSCF1185 DSCF1196 DSCF1212

P.S: Undring på onsdag er tilbake neste veke ;)

Søndag 14. mai 2006

Posted by limedrops in kyrkjeliv, søndag.
2 comments


I dag er det konfirmasjon i ei av kyrkjene eg er prest i (når eg ikkje er i morspermisjon som nå). Dessverre så er eg ikkje der og kan dele opplevinga med dei. Rekna med at det rett og slett vart alt for fullt, så MT og eg er heime. Bilde over er frå konfirmasjon i kyrkja rett ved heimen vår.

Det er utruleg masse som me vil at ungdomane våre skal få med seg. Ikkje berre trua på Gud, men også ei sterk kjensle av eigenverd. I grunn heng dei to nært samam.

For meg er det kjempeviktig å signalisere at kvar einaste ein av konfirmantane (sjølv dei som bråkar og som får kjeft..) er uendeleg mykje verdt. Meir enn dei kan fatte.

Difor jobber me også med korleis samspelet skal vere oss i mellom. Det er slett ikkje alltid at me får det til. Nokre gongar kjem konfirmantar gråtande. Men målet er at det skal vere godt å ver e konfirmant. Det skal gje minner for livet og også vere med og prege livet. Håpet er at det også skal gje styrke og kraft og ikkje minst ei slitesterk tru.

Ingenting av dette er mogleg dersom me overser orda frå Jesus i dag:

Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.

Det er ei livsoppgåve det!!

Les heile teksten her.

…mens me ventar på båten.. 13. mai 2006

Posted by limedrops in på glitrande fjord.
add a comment

Eg bur rett ved Sognefjorden, og det er ikkje fritt for at eg får med meg det som skjer der ute. Eller ikkje skjer… i dag er det ferjestreik, og roleg. Den siste turen over fjorden gjekk kl. 19, så godt å ikkje skulle over i kveld… Tidlegare i dag for det ein ubåt innover (den gjekk ut ein dag tidlegare i veka), denne gangen var det bare den øverste toppen som stakk over vatnet. :)

Cruiseskip er sommarens store hending på fjorden. Kan ikkje hjelpe for at eg likar å sjå desse svære skipa gå ut og inn. Dei gjer ferjene til miniputtar. Og nå sitter eg altså her og ventar på at verdas nest største skip skal sigle inn i fjorden. Queen Mary 2. Ho skal til kai i Flåm i morgo tidleg og glir nok forbi her ein eller annan gang rundt midnatt, eventuelt før eller noko seinare. ;) Hadde vore fint å sjå i grunnen, og gjerne før lyset fer. Da er det lettare å sjå sjølve skipet og ikkje bare alle ljosa……sjølv om det også er fint som bare det! Q Mary er kjempediger og har skikkeleg skipsstil, så vil gjerne få det med meg enten på veg inn eller i morgo kveld/natt når det er på veg ut. Eigentleg begge!

Dessverre er det alt for mørkt til å få eit skikkeleg bilde, men eg skal nok prøve!! Ei ny skikkeleg regnbyge er på veg, så sikta kan bli redusert enda meir. :(

Men eg ventar, her er nokre facts plukka opp på heimesida til Cunard Line:

Some comparisons:

Queen Mary 2 is…

  • five times longer than Cunard's first ship, Britannia (230 ft.)
  • 113 feet longer than the original Queen Mary
  • more than twice as long as the Washington Monument is tall (550 ft.)
  • 147 feet longer than the Eiffel Tower is tall (984 ft.)
  • more than 3 ½ times as long as Westminster Tower (Big Ben) is high (310 ft.)
  • only 117 feet shorter than the Empire State Building is tall (1248 ft.)
  • more than three times as long as St. Paul's Cathedral is tall (366 ft.)
  • as long as 41 double-decker London buses (31 ½ ft. each)
  • Queen Mary 2's whistle is audible for 10 miles

Blir nok ikkje noko søvn på meg i natt, nei….og eg har ei viss kjensle av at eg ikkje er den einaste her omkring som kikkar ut i fjorden med jevne mellomrom.. :lol:

nytt design 11. mai 2006

Posted by limedrops in tema/design.
5 comments

Eh.., nei, du har ikkje kommi feil ;)

Måtte bare prøve noko nytt!! Likar du det?!

Har alltid likt å endre litt på utsjånad av bloggen – og her er det kjempelett, så du er advart ;) Ha ein god torsdag!!!!